Omdan­ning av OVF vedtatt

12. juni vart forslaget om å gjera om OVF til eit statleg eigd aksjeselskap vedteke av Stortinget med 79 mot 13 stemmer.

Publisert

Stange pg og kirke

Sola står opp over Stange prestegard i Innlandet.

Stortingsvedtaket 12. juni, får store konsekvensar for Opplysningsvesenets fond, men heller små konsekvensar for kommunar og enkeltpersonar som har eit forhold til OVF. Det er enno ikkje klart kva dato omgjeringa vil skje, men det er klart at OVF skal omdannast til eit nytt selskap og at Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) vert eigar av det nye selskapet.

Med omdanninga føl nytt organisasjonsnummer, nytt styre, nye vedtekter og ny selskapsform. Stortinget vedtok at selskapet blir eit aksjeselskap der NFD sit på alle aksjane. Det nye selskapet vil slik følgje aksjelova og vil bli omfatta av regjeringa sine føringar i eigarskapsmeldinga.

Men nye OVF vil framleis byggje på dei same verdiane, ha dei same ambisjonane, forvalte dei same eigedommane og ha dei same tilsette som i dag.

Stortinget vedtok også at heile OVF skal omdannast – i sin heilskap – og med det vart alle forsøk på å overføre utmark, skog og grunneigedom til andre interessentar lagt død. I prosessen fram mot vedtaket har sterke krefter køyrt kampanjar i media og freista å påverke direkte mot stortingspolitikarar, men dette har ikkje ført fram og alle eigedomar vert vidareført til det nye selskapet.



Vedtak i korthet: Stortinget har vedtatt å omdanne Opplysningsvesenets fond til aksjeslskap, hvor forvaltningen av statens eierskap i selskapet overføres til Nærings- og fiskeridepartementet. Den vedtatte omdanningsloven inneholder spesialbestemmelser som av hensyn til den eksisterende reguleringen i lov om Opplysningsvesenets fond og av andre praktiske grunner er nødvendige for å omdanne fondet til aksjeselskap. Storinget vedtok også å be regjeringen sørge for at aksjeselskapets mål, vedtekter eller strategi bidrar til allmennhetens reelle tilgang til jakt og fiske på selskapets eiendommer.

Stortinget.no

Ei naturleg endring

Barne- og familiedepartementet har m.a. ansvar for kyrkjesaker og har slik vore ein naturleg eigar av OVF. Fondet har vore tett knytt til kyrkja gjennom opphavshistoria og mål, men tida er i endring. For å spegle samfunnet me lever i, vart det nødvendig å skilje kyrkja og stat. Stortinget vedtok skiljet i 2012 og frå 2017 vart Den norske kyrkja eit eige, sjølvstendig rettssubjekt. I mellomtida vart prestane si plikt til å bu på prestegardar oppheva og arbeidet med å dele verdiane i OVF mellom kyrkja og staten byrja. Skiljet mellom kyrkje og stat førte til eit Stortingsvedtak i 2019 der det vart avgjort ei deling av OVF mellom staten og kyrkja. Dette har vore krevjande arbeid som no nermar seg ei avslutning. Den norske kyrkja overtek rundt 160 prestebustadar og omlag 1,3 milliardar kroner som skal dekke framtidig vedlikehaldskostnadar knytt til eigedomane. Der prestebustadane er del av ein prestegard, vert sjølve våningshuset frådelt garden slik at innmark, skog og utmark forblir i OVF sitt eige.

53454102417 30af9b6587 c

Barne og familieministar Kjersti Toppe fekk også spørsmål om delingsprosjektet der Den norske kyrkja skal overta rundt 160 prestebustadar fra OVF.

Nytt samfunnsoppdrag.

Regjeringa har nyleg avgjort at nytt samfunnsoppdrag for OVF framover, blir å bidra til finansiering av bevaringsstrategien for kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. Eit nytt Kyrkjebevaringsfond skal administrerast av Riksantikvaren. Fondet skal tilførast 500 millionar kroner årleg, og utbytte frå OVF vil bidra til dette.