Nissedal prestebustad
Prestegarden i Nissedal ligger rett ved kyrkja frå 1700-talet. Hovedhuset på Nissdal prestegard er ein typisk bygning frå 1800-talet med rom på kvar side av ein midtgang. Drengestua har tidligare vore forpaktarbustad og er oppført kring 1850. Vognskjolet er i bruk som garasje og blei reist i same periode. Driftsbygninga har ukjend alder.
Prestegardstunet er eit freda anlegg med fem bygningar:
- Hovudhus frå 1800-talet
- Drengestue frå omkring 1850
- Driftsbygning udatert
- Vognskjul frå 1850
- Stabbur frå 1300-talet
Prestegarden har vore ein geistleg møteplass gjennom mange generasjonar. I 2017 blei det etablert nytt varmeanlegg, nye golv og vindfang i kjøkken og entre. Bygningane på garden er med og skapar eit kulturhistorisk og verdifullt miljø rundt Nissedal kyrkje, som er frå 1700-talet.
Den eldste bygnaden på prestegarden er stabburet frå 1300-talet. Den er OVFs eldste bygning.