Kvam prestebustad, Vikøy

Vikøy prestegard i Kvam herad i Nordheimsund er nemd som prestegard på 1300-talet, men både som kyrkjestad og prestegard er Vikøy eldre. Vikøy er ein av dei få embetsgardane utan dominerande hovudhus i embetsmannstil, slik det var vanleg hjå embetsstanden på 1700-talet.

Eit samanhengande kulturminne

Tunet på Vikøy prestegard inneheld fleire freda bygningar. Dei utgjer eit helhetleg kulturminne. Hovudhuset er samansett av tre bygningar, og mellom dei tre bygningane er det tverrgåande gonger. Stovebygninga har open sval etter nordsida. Sett frå aust utgjer fasaden; kontorbygning, tidlegare herresal, stovebygning, tidlegare røykstove og kjøkken, tidlegare skorsteinsstove. I 1870-80 blei daglegstove og herresal lagt under felles tak. Den eldste midtbygninga er frå 1612, medan kontorbygninga er frå 1812-15. Den kjende målaren Adolph Tidemand kan ha vore inspirert til å måle "Haugianere" i borgstua. Denne stova er i dag eigd av kommunen og i 2016 vil den viktige stova bli restaurert.

Freda

Tilsaman vert 7 bygningar freda av Riksantikvaren i 1991. Husa ligg i to rekker på kvar side av eit svaberg.

  • Hovedbygninga frå 1612
  • Selmerhuset frå 1697 ligg rett over hovudhuset, og fikk si noværende form då sogneprest Selmer virka.
  • To stabbur frå slutten av 1700-talet
  • Vedskjol frå slutten av 1700-talet
  • Vognskjul frå slutten av 1700-talet
  • Naust som er udatert
  • Borgstua frå 1815, som kommunen eig

"Vigøer prestegaard kan med Sandhed kaldes et Huus bygget paa en Klippe"

Biskop Pavel etter visitas 3.juli 1818