Kapel­lan­bu­sta­den på Voss blir — Opp­lys­nings­hu­set på Voss

Er det noko Voss treng i sentrum i dag, så er de ei tomt og eit hus som dette, fortel Linda Eide som saman med sjefen for Vossa Jazz Trude Storheim, har kjøpt den gamle kapellanbustaden på Voss.

Publisert

Voss kap Linda Eide og Trude foto Elena Schough

Kapellanbustaden på Voss vart reist i 1906 Foto: Elena Schough

-Eg hadde aldri høyrt om Opplysningsvesenets fond, men eg diggar jo alt som handlar om opplysning, så namnet klang godt i mine øyrer, seier ho.

- Me ynskjer å opna opp huset for ulike aktivitetar som er i pakt med ideen om eit hus for folkeopplysning. Ein stad for å læra, oppleva og dela. - Og dette huset med si plassering, sin storleik og si innvendige romutforming, passar særs godt til; foredrag, kurs, samtalar, minifestivalar, intimkonsertar.

Ordfører og kultursjef jublar

Me har ynskt å oppretta og organisera Opplysningshuset på Voss, eit hus som i beste folkeopplysningsånd, gjer folk både kloke og oppglødde, fortel Linda Eide. Både ordfører og kultursjef applauderte planane og dei rette folka er blitt med. – Og på Voss betyr det så godt som absolutt alle, seier Linda. Eit over hundre år gammalt hus trengte total renovering og oppgradering og folk har stilt opp og slått ned og bært ut. Me har følt på ein voldsom positivitet frå folk som er glade for at huset no blir ståande og opna opp for ålmenta.

Formålet er at det til slutt skal det bli huset der underhaldande folkeopplysning og levande formidling går opp ei større einheit, til glede for så mange som muleg!