Fitjar prestebustad
Fitjar prestebustad 2007. Foto: Ovf.

Fitjar prestebustad

Det blei kjøpt jord til prestegard og bygd prestebustad i Fitjar midt på 1860-talet. I 1959 blei garden eit gardsbruk med våningshuset, uthus for presten, hønsehus, naust og eit driftsbygg frå 1908.

Ein forpaktarbustad blei oppførd i 1911 og rivi ned i 1922. Seinare har det blitt flytta to eldre, små lafta tømmerstover til prestegarden. Den eine kom frå Vik og den andre frå Vestbøstad i Fitjar. Dei blei satt opp rett aust for prestebustaden og bundne saman med ein svalgang.

Fitjar kyrkje er ei treskipet hallkyrkje frå 1867. Dei reiv den gamle steinkyrkja frå 1100-talet for å bygge ei ny kyrkje. Delar av steinen blei nytta til steingard rundt kyrkjegarden.

 

 

      

Fitjar prestebustad 1959. Foto: Ovf.