Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.
Ørskog prestegard på Sjøholt ligg omlag 300 meter søraust for kyrkja frå 1873. Prestegarden har ei bygningskjerne frå byrjinga av, eller midten av 1800-talet. Planløysinga syner at det i fyrste høgda har vore eit eige bispekammer. Tre bygningar er freda:
Det gamle hovudhuset vart restaurert i 1926, etter forslag frå arkitekt Ole Landmark. I 1930 vart bygninga freda.
Stabbur frå slutten av 1800-talet.
Forpaktarbustad frå slutten av 1800-talet.