Vinje prestebustad

Vinje prestegard - Sudigard Vinje - ligg på ei slette sørvest for kyrkja på den andre sida av riksvegen. Prestegarden har opent firkanttun og tre bygningar er freda:

Dei er freda

  • Hovudbygningen er ein tømra bygning i to høgder som fekk si noværende form mellom 1830-1847. Den har midtsals grunnplan med eit ganske breitt midtparti. Salen i andre høgda har vore kontor og er bygningshistorisk interessant.
  • Drengestue frå 1850. Den lafta og upanelte drengestua har peis i første høgde og loft i andre.
  • Stabbur frå før 1850.

Tunet utgjer ein viktig del av kulturmiljøet rundt kyrkja. Forpaktarbustaden vert rehablitert av Opplysningsvesenets fond i 2012 og fondet har og bygd ein ny garasje.