Ulvik prestebustad

Ulvik prestebustad blei teikna av arkitekt Ole Landmark og er tidfesta til 1924.

Bustaden ligg nede ved sjøen i tettstaden Ulvik. Han har planelaft med ut- og innvending kledning, ei grunnflate på 141 m2 og to etasjar. Bygget ligg vakkert til med ein storslagen utsikt mot sør. Ein stor del av bustaden er frå eit gamalt hus som blei utvida med ein ny fløy mot øst. Teikningane for endringane blei laga av arkitekt Georg Greve. Det ligg ei dørhelle med skrift og årstal utanfor inngangsdøra som er frå ein tidlegare prestebustad på staden.

Ulvik kyrkje er den tredje vi kjenner til i Ulvik. Før den nåverande var både ei tømmerkyrkje og ei stavkyrkje. Kyrkja blei oppførd av byggmeister Chr. O. Caland.