Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.
Tysvær prestegard ligg på Hauglandet nord for Boknafjorden. Prestegarden ligg nordvest for kyrkja frå 1852 og har som kyrkjeplassen tradisjonar tilbake til mellomalderen. Hovudbygningen frå 1848 er eit lafta tømmerhus på ei høgd, bygd etter Sverdrup/ Linstows normalplan for prestegardar frå 1834. Bygningen har karakteristisk senempire detaljar. Forpakterbustaden ligg på nordsida av tunet parallelt med hovudbygningen og vart antakeleg reist omkring 1850. Det freda eldhuset er delvis nedgraven i terrenget. Prestegarden ved Prestavika representerer tradisjonar frå den geistlige verksemda som har vore på staden i mange århundre.
Prestebustaden på Tysvær er ein rekrutteringsbustad. Gjennom 2018 vart bustaden rehabilitert. Omfattande arbeid blei utført blant anna isolering og betre romsløysing. I Stavanger bispedøme er Tysvær eit av dei få døme på ein prestegard med eit heltheitleg tun.
Prestegarden er eit lite prestegardsanlegg med tre freda bygningar.
- Forpaktarbustad frå 1850
- Hovudbygning frå 1848
- Eldhus udatert