Tysvær prestebustad

Tysvær prestegard ligg på Hauglandet nord for Boknafjorden. Prestegarden er eit lite prestegardsanlegg med tre freda bygningar. Prestegarden ligg nordvest for kyrkja frå 1852 og har som kyrkjeplassen tradisjonar tilbake til mellomalderen. Hovudbygningen frå 1848 er eit lafta tømmerhus på ein høgde, bygd etter Sverdrup/ Linstows normalplan for prestegardar frå 1834. Bygningen har karakteristisk senempire detaljar. Forpakterbustaden ligg på nordsida av tunet parallelt med hovudbygningen og blei antagelig reist omkring 1850. Det freda eldhuset er delvis gravd ned i terrenget. Prestegarden ved Prestavika representerar tradisjonar frå den geistlige virksomheten som har vore på stedet i mange århundre.

Prestebustaden på Tysvær er ein rekrutteringsbustad. Gjennom 2018 vart bustaden rehabilitert. Omfattande arbeid blei utført blant anna isolering og betre romsløysing. I Stavanger bispedøme er Tysvær eit av dei få døme på ein prestegard med eit heltheitleg tun.

Prestebustaden har tre freda bygningar :

- Forpakterbustad frå 1850

- Hovudbygning frå 1848

- Eldhus udatert