Torvastad prestebustad

1 / 3

Torvastad prestegard på Karmøy ligg 200 meter nord for kyrkja frå 1880. Prestegarden og kyrkja har historie attende til mellomalderen, men bygningar som har husa dei fyrste prestane i Torvastad har med ikkje kjennskap om. Derimot veit ein mykje om den gamle prestegarden frå 1700- talet, teikna av soknepresten Caspar Dreyer. Den hadde ein viden kjent have blant anna med fiskedam. Den noverande prestegarden er tufta på teikningane etter jordbruksreformator Ulrik Sverdrup og slottsarkitekt Linstow.

Prestegard etter standardteikningar

Det vart presten Jens Jensen som fikk 1200 spesidaler i lån fra OVF og i 1853 reiste den nye prestebustaden og på same tomt. Den er en av dei få prestegardene som er att, som har standardteikningar etter Sverdrup/Linstow til grunn.

Prestegarden har to freda bygningar

  • Hovedbustaden 1853
  • Stabbur udatert

Hovedbygningen er i lafta tømmer og taket har avalmede gavlspisser. Stabburet er som hovedhuset freda, men alder er ukjend. Prestegarden var eit gardsbruk og hadde eiga strand. I 1923 fikk presteboligen elektrisk lys og i 1932 kom telefon i huset.