Tinn prestebolig

Tinn prestebustad blei oppført i 1973 rett på sida til den tidlegare prestebustaden i sveitserstil som blei reven rundt 1974. Bustaden er teikna av arkitetektane Hoff og Holmesland og planteikningane inneheld ein underetasje med eigen inngang, wc, prestekontor og venterom.

Frå det gamle prestegardsstunet står det to stabbur igjen som vert disponert av paktaren som driv prestegarden. Det minste og eldste stabburet er oppført av prost Hans Jonsen Gynt i 1629, og det større stabburet er frå omkring 1870. Begge bygningane viser god bygnadstradisjon frå Telemark og siden den gamle prestebustaden er reven, har dei gamle bygningane høy arkitektonisk minneverdi for kulturmiljøet ved Atrå kyrkje. Stabbura blei freda i 1993.