Stryn nye prestebustad blei ferdig i 1982 og er teikna av arkitekt Eivind Eriksen. Bustaden har eit boareal på 201 m2 og ligg i eit bustadområde i åsen over Stryn. Bygget har stenderverk, saltak og liggjande kledning. Arkitekten ga bustaden eit preg av den vestnorske byggetradisjonen.