Stord prestebustad

Stord prestebustad ligg nokre kilometer frå Leirvik og blei bygd i 1913 etter teikningane av arkitekt Ole Landmark. I heile bygget er det høgt under taket og huset har to etasjar og tre pipeløp. Prestebustaden er reist på eigedomen til tidlegara Tyse prestebustad.

Ole Landmark (1885-1970) var ein del av «Bergens-skolen» i mellomkrigstida saman med ei rad andre arkitektar. Arkitektane delte ei interesse for vestlandsk og bergensk byggetradisjon.

Saman med prestegardane på Finnås og Selje blei Stord prestegard sentral i eit prestefamiliedynasti med slektane Hertzberg, Harboe og Frimann. Sterke familiebånd i generasjonar mellom prestane blei til over heile Noreg, men det var mest vanleg på Vestlandet. På Stord prestegard blei det også oppretta lærarskule for Vestlandet.

Stord kyrkje sto ferdig i 1857.