Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.
Hovedbygningen er ein lang to etasjes trønderlån i lafta tømmer oppført i 1786. Parallelt med hovudbygningen på austsiden av tunet låg tidlegare ein to etasjes borgstove som var samanbygd med eit eldhus. Trass for at viktige bygningar på tunet er borte og hovudbygningen har endra karakter, har framleis den monumentale bygningen eit preg av å ha vore en embetsmannsgard, i ei tid der arbeidsfordeling og felleskapsfunksjonar var viktig. Den lange og smale trønderlåna har totalt 20 sengeplassar fordelt på sju rom. Nærleiken til den største trekyrkja på Nordmøre styrker kyrkjestaden og prestegarden sin posisjon. Prestegarden representerte det geistlege sentrum i bygda med sin sentrale og viktige plassering.
I 2020 vart det inngått ei leieavtale med OVF der Stangvik kulturspinneri er leigetakar. Det er ein lokal nysatsing som har som føremål å skapa kulturaktivitet i huset og samstundes sørge for at huset vert teke vare på og brukt.
Fredet av Riksantikvaren
- Hovedbygning 1780
- Naustet