Solund prestebustad, Hardbakke

Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.


Solund prestebustad vart bygd i 1988. Bustaden er eit rektangulært bygg med 230 m2 bo-areal delt på ein og ein halv etasje. Inngangen er på nordsida og bygget er kledd med horistonalpanel. Bustaden ligg sentralt i Hardbakke, rett over vegen for kyrkja.

Solund kyrkje vart teikna av Christian H. Grosch og vart oppførd i 1860. Grosch vart den fremste og mest produktive arkitekten i Noreg i første del av 1800-talet. Han teikna ei rad kyrkjebygg i tre og i sveitserstil.