Nedstrand prestebolig

Dei beste bygningsmateriala frå den gamle prestegarden blei brukt oppat når den nye ble reist i 1920. I prestebustaden blei det holdt viktige møter når kommunen skulle etablerast. Under andre verdskrig blei prestbustaden okkupert av tyskarar.

Presten hadde naust siden han bruka båt i tjenesta. I 1959 var det ikkje wc i huset, men uthuset på tunet innheldt både privet, rom for gris og høner og det var vedskjul og garasje. Hovedhus, stabbur og uthus stod på fredningsvurdert liste i frå Riksantikvaren, men blei ikkje med i den nye fredningsvurderinga i 1993. Riksantikvaren ynskjer prestegarden regulert til spesialområde bevaring etter Plan-og bygningsloven.

OVF har sidan år 2000 gjort store oppgraderingar på prestegarden. Heile huset med uthus og stabbur verte måla til kjyrkje jubileet i 2018 og Magasinet Kulturarven skriv om prestegarden i 2019.