Masfjorden prestebustad, Amundsbotten

Masfjord prestebustad ligg i Botnevika nær tettstaden Masfjordnes i Nordhordland. Bygget er ein einebustad frå 1884 med rektangulært grunnplan, inngang frå austsida og ein og ein halv etasje.

Sandnes kyrkje ligg i Masfjordnes. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1845. Kyrkja blei teikna av Eiler Hagerup Holtermann etter Jakob Sverdup og H.D.F. Linstows typeteikningar for kyrkjer på landet.