Luster prestebustad, Dale

1 / 4

Prestegarden ligg tett på Dale kyrkje og blir gjerne omtala som Dale prestegard i Luster kommune.

Kjernen i bustaden er frå perioden 1730-34 og huset kviler på murene av ein mellomalderkjellar. Bygninga er bygd om ei rekke gonger og er i dag ein karakteristisk vestlandsbygning med breie spissgavla arkar. På tunet til prestegarden har det stått fleire bygningar(fram til 1988) blant anna eit likhus, og ein stor driftbygning. I 1991 blei tre byggnngar freda av Riksantikvaren :

  • Hovudbygning frå 1730-34

  • Stabbur sannsynlegvis frå 1700-talet.

  • Lysthuset ligg i Støpulshagen, har pyramideforma tak og er eit typisk trekk for embetsmannsgardar.

Vegen til kyrkjegarden gjekk før i tida rett gjennom prestegardstunet. Prestegard har verdifulle bygningsdetaljar frå ulike epokar, men mest frå empirestilen. Med nærleiken til kyrkja utgjer den ein heilskap i eit viktig kyrkje -og kulturmiljø.

Prestegarden idag har privat leigetaker som 18. august 2018 opna huset for lustringer og tilreisande. Prestegarden og kyrkja spelar på lag og vil ha arrangement som bind folk saman og lyftar kulturarven. Dale kyrkje er ei mura langkyrkje frå kring 1240. Kyrkja har eit godt bevart barokkinteriør og har høg kvalitet på klebersteinsarbeidet. Det vil framøver vera konsertar, utstellingar, foredrag og kirkekaffe på kyrkjestaden Dale i Luster.