Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.
Leikanger prestebustad er frå 1912 og bygd av presten Fredrik Vilhelm Bull-Hansen. Han byrja som prest i Leikanger i 1897. Den tidlegare gamle, raude prestegarden frå 1752 vart i 1911 flytta til Norsk Folkemuseum. Den nye prestebustaden er på halvanna høgd og har midtark på hagefasaden mot fjorden.
Prestegardshagen
I den gamle prestegardshagen var det ein uvanleg rik vegetasjon med sjeldne tresortar som ein vanlegvis ikkje finn så langt nord. Det gjekk gjetord om tempeltre (Ginko Biloba) – også kalla levande fossil- den einaste attlevande arten frå tertiær-tida. På ei reise i Sogn i 1832 overnatta Henrik Wergeland i prestegardshagen og vart særs imponert over valnøttrea, i tillegg skal det ha vore fersken og aprikos i hagen. Valnøtttreet vart fjerna i 2015.
Leikanger prestegard ligg ved sida av mellomalderkyrkja og husa på tunet utgjer ein historisk viktig del av samanhengen mellom kyrkja og prestegard.
Freda bygningar som høyrte til den gamle flytta prestegarden
Fleire tunbygningar som tilhøyrte den gamle prestegarden står att.
- Hovedbygning frå 1912 har eit freda eksteriør.
- Borgstua frå 1700-talet.
- Stabburet frå 1700-talet.
- Eldhuset frå 1700-talet, brant dessverre ned i november 2022.
- Vedskåla frå 1800-talet.