Leikanger prestebustad

1 / 2

Leikanger prestebustad er frå 1912 og er bygd av presten Fredrik Vilhelm Bull-Hansen. Han begynte som prest i Leikanger i 1897. Den tidlegare gamle, raude prestegarden frå 1752 blei i 1911 flytta til Norsk Folkemuseum. Den "nye" prestebustaden er på halvanna høgde og har midtark på havefasaden mot fjorden.

Prestegardshagen

I den gamle prestegardshagen var det ein uvanleg rik vegetasjon med sjeldne tresortar som ein vanlegvis ikkje finn så langt nord. Det gjekk gjetord om tempeltre (Ginko Biloba) – også kalla levande fossil,- den einaste attlevande arten frå tertiær-tida. På ei reise i Sogn i 1832 overnatta Henrik Wergeland i prestegardshagen og vart særs imponert over valnøttrea, i tillegg skulle det ha vore fersken og aprikos i hagen. Valnøtt treet blei fjerna i 2015.

Leikanger prestegard ligg ved sida av mellomalderkyrkja og husa på tunet utgjer ein historisk viktig del av samanhengen mellom kyrkja og prestegard.

Prestegardshagen

I den gamle prestegardshagen var det ein uvanleg rik vegetasjon med sjeldne tresortar som ein vanlegvis ikkje finn så langt nord. Det gjekk gjetord om tempeltre (Ginko Biloba) – også kalla levande fossil,- den einaste attlevande arten frå tertiær-tida. På ei reise i Sogn i 1832 overnatta Henrik Wergeland i prestegardshagen og vart særs imponert over valnøttrea, i tillegg skulle det ha vore fersken og aprikos i hagen. Valnøtt treet blei fjerna i 2015.

Leikanger prestegard ligg ved sida av mellomalderkyrkja og husa på tunet utgjer ein historisk viktig del av samanhengen mellom kyrkja og prestegarden.

Freda bygningar

Fleire tunbygningar som tilhøyrte den gamle prestegarden står att.

  • Hovedbygning frå 1912 har eit freda eksteriør.
  • Borgstua frå 1700-talet.
  • Stabburet frå 1700-talet.
  • Eldhuset frå 1700-talet.
  • Vedskåla frå 1800-talet.