Lærdal prestebustad, Tønjum

Prestegarden låg i gamal tid på nordsida av Lærdalselva, og garden Tønjum blei trulig prestegard allereie tidleg på 1600-talet. Hovudbygget på prestegarden blei bygd kring år 1826 og i rokokkostil, men blei så ombygd omkring år 1900,– til sveitserstil. Fleire opphavlege bygningsdetaljar er tatt vare på i bygget. Prestebustaden har gjennom åra blitt sterkt modernisert, men er freda saman med seks andre hus på garden. Desse husa på prestegardstunet gir tilsaman eit bygningsmiljø med stor antikvarisk verd.

  • Hovudbygning frå 1826

  • Borgstove frå 1800-talet, lavt og smalt bygg som ligg på ei høgde.

  • Stabbur, torvtekt frå 1800-talet

  • Vedskjulet ved sida av stabburet er ein trebygning på ei høgd.

  • Vognskjul

  • Kornburet ligg utafor husrekkja og er reist på 1800-talet.

  • Driftsbygning frå 1800-talet

Langs vestsida til prestegardshagen gjekk den gamle kongevegen, som hadde steingardar på kvar side. Prestegarden har vore ein geistleg møteplass i gamal tid.

Gardsbruket er eigd av OVF. Det forvaltes som eit forpaktningsbruk.