Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.
Jølster prestegard er og kjend som Ålhus prestegard fordi han ligg i grenda Ålhus i Jølster kommune. Prestebustaden vart oppførd i 1885/1905 i sveitsarstil og har over 100 år lang tradisjon som tenestebustad. Huset har ei grunnflate på omlag 150 kvm i halvanna etasje. Bygget vart restaurert i 2000 i høve presteskifte.
Prestegarden er mest kjend for koplinga til målaren Nikolai Astrup. Astrup vaks opp i forpaktarbustaden som låg mellom den gamle prestegarden og kyrkja. Astrup brukte den gamle prestegarden som motiv fleire gonger, før bustaden vart riven.
Ålhus kyrkje er frå 1795 og vart teikna av Gunder Gregoriussen Støfringshaug. Avstanden mellom kyrkje og prestebustad er 140 meter. Det er god visuell og fysisk kontakt mellom dei. Kyrkja har langplan og er bygd i tre.