Hjørundfjord prestegard ligg i Ørsta kommune, ikkje langt frå fergeleie på Sæbø. Kjelder fortel at den gamle prestelåna vart skral slik som kyrkja. Mellom 1868 og 1880 vart det soleis ei periode med stor byggeverksemd i Hjørundfjord, sidan ny prestelån frå 1868 og ny kyrkje frå 1880 blei uppført.
Prestebustaden vart uppført etter teikning frå sokneprest Ottesen, og kvar gardbrukar var tilsagt pliktarbeid etter at kommunebetyrelsen sumaren 1868 hadde vedteke nybygging. Det blei ein bygnad i halvannen høgde med tre stover, eit kjøkken og eit kontor med eiga inngång. Fleire gongar har bustaden verte rehabiltert for å vere tjenlig som bustad for presten. Låve og stall blei reven i 1957, men eit uthus står att.