Haus prestebustad

Haus prestebustad ligg i tettstaden Haus og er næraste nabo til Haus kyrkje frå 1874. Bustaden er i ein enkel sveitserstil med saltak og liggjande kledning. Bustaden er frå perioden 1850-1874 og har to etasjar. Tidlegare var det gardsdrift, men gardsbruket er ikkje lengre eigd av OVF.

Kyrkjestaden har historie heilt tilbake til mellomalderen. Kyrkja og prestebustaden er knyta saman av ei steinbru over ei nærliggande elv. Prestegarden er eit godt døme på tilknytinga mellom prestegard og kyrkje. Kyrkja, prestegarden og brua skapar saman eit særeiget kulturhistorisk miljø. Prestegarden har høg verdi som kyrkjeleg kulturminne.