Hafslo prestegard

Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.


Hafslo prestegard ligg i skråninga ovanfor Hafslovatnet og kyrkja. Den vart reist i 1878. Tømmerbygningen har liggjande kledning og krysspostvindauge. Huset sin kjellar har tjukke steinmurar, så me meiner difor at huset som står der i dag, er bygd på gamle murar. Eigedomen har lang tradisjon som bustad for prestar og kyrkja ligg i nærleiken. Då den gamle stavkyrkja vart riven, vart kyrkja frå 1878 oppført.