Fyresdal prestebustad

Den noverande prestegarden er frå 1873. Garden Moland som i dag ligg i Fyresdal kommune, vert gjerne kalla Fyresdal prestegard. Medan Moland var kommune- og kyrkjenavn fram til 1879. Frå gamalt av vart Moland kalla Morland. I ein periode leigde Fyresdal gjestegard prestegarden av Opplysningsvesenets fond, men frå 2015 er garden igjen prestebustad.

Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.


Prestegarden har ei lang historie. Vidkun Quisling (1887-1945) vaks opp på prestegarden, visstnok vart han i 1887 fødd i den sokalla Blåsalen. Då NS- regimet braut saman i 1945, gjekk Quisling ei tid med planar om å vende attende til Fyresdal som sokneprest- trass at han ikkje hadde teologisk utdanning. Prestegarden Moland ønskte han å konvertere til ein barneheim. Far til Quisling var sokneprest på Fyresdal og fortel om embetsgarden:

J. L. Qvisling skriv: Husene på prestegaarden var temmelig forfaldne, da Sang (1818-1826)kom til kaldet i 1819; men han fikk dem efterhaand i ret god stand. Hovedbygningen, som var blitt opført i Bugges tid, (Henning Junghaus Bugge 1783-1790), henstod endnu uklædt. Sang fik den klædet og dessuten dagligstuen panelt.

...paa dette avsidesliggende sted er en hyggelig prestebolig et sandt gode

Fra kallsboka notert av presten Sang (1818-1826)