Fusa prestebustad

Fusa prestebustad blei teikna og reist i 1910 av Sigurd Lunde (1874-1936), ein av dei mest produktive arkitektane på Vestlandet tidlig på 1900-talet. Han er mellom anna kjend for å ha teikna fleire tonegivande bygg i jugendstil i Ålesund. Prestebustaden ligg på ei høgde med oversikt over mellom anna kyrkja. Bustaden har ein stor hage.

Fusa kyrkje er bygd i mur og blei vigsla i 1962. Ho blei reist etter at kyrkja frå 1861 brand ned i 1959. Ho er den fjerde kyrkja vi kjenner til som har vore reist på staden. Kyrkja er teikna av arkitekt Ole Halvorsen, som teikna fleire kyrkjer på Vestlandet.

Fusa har vore kyrkjestad sidan mellomalderen og prestegarden blei nemnt i eit skriv så tidleg som i 1325 då Ragnhild Trægagås tilsto kjetteri der. Bustaden ligg nært til kyrkje og kyrkjegard og har stor lokalhistorisk verdi for heile området.