Eid prestebustad

Denne prestebustaden vart overført til Den norske kyrkja frå 1. november 2024 og er ikkje lenger i Allstad sitt eige.


Eid prestebustad ligg i kommunen Nordfjordeid. Bustaden vart reist i 1902, etter at den gamle prestebustaden frå 1820 vart råka av brann. Den nye prestebustaden vart oppført i lafta plank, i sveitsarstil etter teikningar av Grimnes, som han gjorde i 1901. Etter teikningane inneheld første etasjen kjøken, kontor, barnerom og kontor. Bustaden er på ein og ein halv etasje og er på 185 kvm og har kjellar under heile. Prestebustaden er til utleige.

Eid kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1849. Ho vart teikna av Claus Wiese, ein lokal handelsmann, etter teikningane til H. D. F. Linstow.