Askvoll prestebustad

Askvoll prestebustad i Sunnfjord i Sogn og Fjordane ligg i kystkommunen Askvoll . Her har det vore eit kultursete heilt tilbake til mellomalderen. Huset som står på plassen i dag er frå 1905 og er ein i rekkjen av fleire prestebustadar på tomta. Bustaden har vore gjennom mange rehabiliteringar for å vera tenleg som prestebustad. Kring 2000 vart prestebustaden restaurert og fekk tilbake nokre av dei gamle kjenneteikna.

Kyrkja er bygd i tre og blei oppførd i 1863 etter tekningar av den lokale kunstmålaren Anders Askevold.