Alversund prestebustad, Tveiten

Hovudbygget er frå ca. 1860. Under synfaringa i 1958 blei det omtalt ei rad bygningar som ikkje er ein del av bustaden i dag. Til dømes paktarbustaden, driftsbygget og eit eldhus. Eldhuset var då skrøpeleg, men med litt arbeid kunne det "enda i noen år gjøre tjeneste som redskapsskjul".

I 1975 hadde arkitekt Muri ei synfaring og skreiv at bustaden hadde ei rektangulær plan med lengderetning nord-sør med hovudinngang på austsida. Det var bygd til i ein etasje ein ny kjøkkeninngang med toalett mot aust i nordenden av bygget.