Skog og utmark
Opplysningsvesenets fond er ein stor skogeigar. Dette har grunnlag i prestegardane og skogane som høyrer til dei. Skogane skal gi sikker og langsiktig avkasting
Viktig å veie interesser
Mange av eigedommane ligg nær bygdesenter, ofte med relativt sett mykje høgproduktiv mark. Dette gir eit godt utgangspunkt for skogproduksjon, og samstundes interesse for omdisponering av areal til utbygging av ymse slag.
Denne lokaliseringa betyr at det ofte kan vere særskilt viktig å vege interessene til det tradisjonelle skogbruket opp mot andre brukarinteresser eller former for utnytting. Fondet har eigne skogforvaltarar med lokalkunnskap over områda til OVF.
Bærekraftig skogbruk
Skogane til Opplysningsvesenets fond
blir drivne miljøvennleg og berekraftig, med god skogskjøtsel og
tilpassa infrastruktur. Det har høg prioritet å bevare biologisk
mangfald, noko som blir gjennomført ved å drive aktivitetane innafor dei
rammene som blir sett både i gjeldande regelverk og i Levande
Skog-standarden for eit berekraftig skogbruk. OVF har eigne
skogforvaltarar :
Arbeidet for å redusere negative effektar på miljøet blir kvalitetssikra gjennom miljøsertifikat basert på standardane ISO 13001. Særskilte miljøverdiar i skogane til fondet skal bli registrert og sikra. Slike registreringar er gjennomført for mykje av arealet, anten som nøkkelbiotopregistreringar eller som MiS-registreringar (Miljøverdiar i Skog) i ferskvatn.
Hytter og setre, jakt og fiske
OVF leiger ut jakt- og fiskerettar i fondet sine skog- og utmarkseigedommar. Det gjeld både storviltjakt, småviltjakt, laksefiske og anna fiske i ferskvatn. I tillegg har fondet om lag 70 koier og hytter for utleige. Dei fleste på åremål.
Fondet leiger også ut støls- og seterhus som en del av forvaltningen. Til sammen dreier det seg om 10-15 utleieobjekter. De fleste er i dag utleid på åremål.