Preste­gårds­ha­gen are­na for bio­lo­gisk mangfald

Ikkje berre har prestegården vore ein sentral arena for samfunnsbygginga gjennom hundreår; også hagane på fleire av landets prestegårder har hatt uvurderleg betydning for å ta vare på artsmangfaldet i norsk flora.

Publisert

Ville blomster

Blomstereng i Vesterålen Foto: Kristin Bøhle

Initiativtakar til dette var professor og direktør ved Botanisk hage på Tøyen, Fredrik Christian Schübeler (1815-1892) Han organiserte eit nettverk av hagar over heile Noreg for å prøva ut nye nytteplantar. I dette arbeidet var prestegårdshagene av stor betydning.

Prestar og prestefruer landet over fekk kvart år fleire nye frø og plantar for utprøving. Saman med frøa og plantane følgde nøyaktige instruksar om dyrkinga og krav om rapport med resultat av årets forsøk. Gjennom denne landsomfattande verksemda ønskte Schübeler mellom anna å dokumentera hardførhet og fastslå klimatiske grenser for plantelivet i Noreg.

Schübeler skreiv ei rekkje artiklar og fleire bøker, mellom anna Viridarium Norvegicum, som består av tre bind på til saman 1876 sider, der det blir angitt nordgrense, høgdegrense, blomstringstid, frøsetjing og kulturhistorie for fleire tusen artar.

Schübelers nettverk

I 2016 vart organisasjonen KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Noreg) oppretta. Dette er ein interesseorganisasjon for bevaring av plantemangfald i Noreg. KVANN har teke opp tråden frå Schübelers virke, og arbeider for å utvikla dei historiske hagane i vår tid. I fjor vart Schübelers nettverk stiftet, der KVANN saman med andre foreiningar og hageentusiastar etablerte eit nasjonalt nettverk av ulike typar historiske- og reservathagar over heile Noreg for å ta vare på gamle kultur- og nytteplantar og prøve ut nye. Opplysningsvesenets fond (OVF) er, som eig av ei rekkje prestegårder landet rundt, med i dette nettverket.

Schübelers nettverk skal ta vare på gamle kulturelement i hagane frå ulike stilepokar, og sjå bustader, menneske og hagar i ein større historisk samanheng. Dei gamle prestegårdene, museumshagar og andre med kulturhistorisk er heilt sentrale i arbeidet. Eit døme er urtehagen på Domkirkeodden i Hamar med historiske band til mellomalderen og hagane til munkane. Dei gamle prestegårdshagene utgjer «arvesølvet» i norsk hagehistorie. Hagane er òg i dag samlingspunkt i mange lokalsamfunn, og involverer barn og unge og andre som har glede og nytte av å samlast der. Deltakarane får informasjon om prestegårdenes kulturhistorie og deltek i hageaktivitetar og dyrking og bruk av plantar mm. Hagene fungerer som reservathagar for å ta vare på gamle plantesortar og skal samtidig prøva ut nye for å utvida det biologiske mangfaldet vårt..

Støtte frå Sparebankstiftelsen DNB

I vinter fekk nettverket tilsegn om 450.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, for gjennomføring av ei rekkje tiltak i 2022, mellom anna tiltak for å gjera informasjon om historiske hagar og plantar lettare tilgjengeleg for folk. Det skal òg gjennomførast ei rekkje kurs og samlingar på prestegårder over heile landet. Allereie er det oppretta ei Facebook-side, der medlemmene deler bilete og historier om arbeid og gler i hagane. Sjå her. Meir informasjon om prestegårdsnettverket og Schübeler finst òg på Nettsidene til Kvann. Følgjande side viser kva hagar som er med i nettverket med kart for plassering i landet: Schübelers hagar.

Me er svært glade for å vera med i Schübelers nettverk, seier kulturminneutviklar Øyvind Sandvold i OVF. – Dette er heilt i tråd med oppdraget vårt om å finna ny meiningsfull bruk av prestegårder, som historisk har hatt stor betydning for samfunnsutviklinga. Å ta vare på artsmangfaldet i norsk flora og fauna er noko av det viktigaste me kan bidra med i tida me lever, med klimautfordringar og behov for å sikra mangfald i vår eigen mat- og planteproduksjon, seier Sandvold.