Livskraft frå Clemens kraft
Den mørkaste dagen i året er berre dagar unna, men i dag, på Luciadagen, glødar det av optimisme i Bindal kommune. For når Knud Nørve i dag signerer salsavtala for Hellifossen kraftverk, gjer me i praksis det me skriv om i strategiane våre – me bidreg til livskraftige lokalsamfunn.
Publisert
Kraft til lokale krefter
Nordlandskommunen Bindal ligg på grensa til Trøndelag. Ein gong var det trua på gullutvinning som ga optimisme, seinare var kjerneverksemda Bindalsbruket som på eit tidspunkt var av dei største dørprodusentane i landet og arbeidsplass for kring 130 bindøler. Men gullet ligg framleis i fjellet og døra på dørfabrikken er låst etter konkursen for ti år sidan.
Folketalet har minka med over 40% siste generasjon. Så når lokale krefter ønskjer å satse på noko som kan gi opptil tjue nye arbeidsplassar, då er det riktig å prøve å komme dei i møte. Det har Clemens Kraft gjort.
Då Hellifossen kraftverk stod ferdig i 2021, hadde lokale entreprenørar jobba i to år og Clemens Kraft investert kring 100 millionar kroner i prosjektet. No produserer kraftverket for fullt, og kan ha ein årleg produksjon på 27,7 GWh – som er det same som forbruket til kring 1400 husstandar.
– I utgangspunktet byggjer me kraftverk for å eiga dei. Nærøysundgruppa har kjøpt tomt på Bindalsbruket og utviklar den til industriføremål. Me tenkte at me skulle bidra med vatn og produsere kraft til dette. Så viser det seg at Nærøysundgruppa ønskjer å kjøpa kraftverket. Me gjer ikkje dette normalt sett, men akkurat i denne situasjonen – der me ser at Nærøysund-gruppa engasjerer seg sopass mykje i lokalsamfunnet – så gjer me eit unnatak seier Knud Nørve til Brønnøysunds Avis.
Straum, vatn og livskraft
Nærøysundgruppa etablerer no eit landbasert settefiskanlegg som kan drivast med kraft frå kraftverket og hente friskt vatn ovanfor kraftverket. Vasskvaliteten er betre nærare fjellet, men å hente vatnet ovanfor turbinane reduserer straumproduksjonen og difor noko dei ville ha betalt for. Når eit slikt vassuttak er etablert, vil det også kunne nyttast som drikkevatn. Vasskvaliteten er betre enn dagens drikkevatn, men ei slik avtale finst ikkje no, og blir ei sak for kommunen og dei nye eigarane.
Allstad sin visjon «saman skapar me livskraftige lokalsamfunn», er ambisiøs, men med denne saka har me eit nytt døme på kva det kan bety i praksis. For Nærøysundgruppa og Bindal kommune var det viktig at kraftverket kom på lokale hender. Clemens Kraft sel vanlegvis ikkje kraftverka, men såg behovet og ønskte å komme dei i møte.
Clemens Kraft
Clemens Kraft eig i alt 51 småkraftverk og er med det nest størst innan småkraft i Noreg.
Allstad og SAP (pensjonsfondet for Coop-tilsette i Sveits) er likeverdige eigarar i Clemens Kraft.
Clemens Kraft har ein samla produksjon kring 700 GWh som tilsvarar forbruket til kring 36 000 husstandar