Kapel­lank­åken er offi­si­elt opna!

I 2021 kjøpte NRK-programleiar Linda Eide og Vossajazzsjef Trude Storheim kapellanbustaden på Voss med ein plan. No er huset offisielt opna og klart for å gi opplysning og glede til folket

Publisert

20230826 151421

Snorklipping og jubel! F.v. Huseigarane Trude Storheim, Jan Stedje og Linda Eide, tidlegare bebuar og snorklippar Hanne Marie Molde og ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Draumen om folkeopplysning

I 2021 la OVF ut kapellanbustaden frå 1906 for sal, og i frykt for at det skulle rivast og erstattast med terrassehus, kjøpte NRK-programleiar Linda Eide og Vossajazz-sjef Trude Storheim huset.

-Me har lenge ynskt å oppretta og organisera Opplysningshuset på Voss, eit hus som i beste folkeopplysningsånd, gjer folk både kloke og oppglødde. Ein stad å læra, oppleva og dela. Og dette huset med si plassering, sin storleik og si innvendige romutforming, passar særs godt. Difor ynskjer me å opna opp huset for ulike aktivitetar som er i pakt med ideen om eit hus for folkeopplysning. Stikkorda her er foredrag, kurs, samtalar, minifestivalar, intimkonsertar. Både ordførar og kultursjef sa hurra til planane, banken sa vel kanskje ikkje hurra, men dei sa i alle fall ja. Så då, ja då kjøpte me det, me, fortalte Linda Eide til OVF i 2021.

Veker og månader har gått og mange hinder er forsert sidan 2021. Trude har permisjon frå Vossajazz og er no fungerande kultursjef i Voss herad. OVF sin eigne vossing Jan Stedje har kome inn på laget med verdifull kunnskap om verna hus, byggeskikkar og praktiske løysingar. Lag på lag med gamal oppussingsmoro vart fjerna og huset er no totalrenovert frå møne til kjellar og modernisert med vassboren varme og ventilasjonsanlegg.

Loddtrekning før offisiell opning

Laurdag 26. august vart flaggbandet klypt og Kapellankåken – opplysningshuset på Voss vart offisielt opna. Vegen fram kravde riving, bæring, bygging, søknadar, vakenetter, planlegging, organisering, finansiering, bekymring og entusiasme. Men med krumma nakke og god og kyndig hjelp frå Jan Stedje og andre entusiastar, har draumen blitt sann.

Kven som skulle klippa flaggbandet vart avgjort ved loddtrekning blant publikum. Og det kunne ikkje ha passa betre då Hanne Marie Molde som budde i kapellanbustaden heile sin oppvekst, vart trekt ut og fekk æra. -Nei, det var ikkje juks, seier Linda.


«gjennom moderne folkeopplysning og brei kulturformidling, skal Kapellankåken skapa lokal stoltheit, sterkare samhald, og større takhøgd!»

Linda Eide

Langs linjo

Helga var tettpakka med program då Kapellankåken arrangerte litteraturfestivalen Langs linjo – eit namn som spelar på tekstlinjer men også togskinnene som passerer på Voss stasjon, like nedanfor huset. Under festivalen fekk publikum programpostar med kjende forfattarar, musikarar og ein spesialversjon av Eides språksjov. (programmet finn du her: Langs linjo. Me håpar og trur det blir ny festival om eit år.

Opplysningsvesenets fond sel fleire prestegardar kvart einaste år. Og det er inspirerande å sjå korleis fleire av desse blir fylt med nye, samfunnsbyggjande formål og samstundes at husa og historia dei ber med seg får leva vidare. Me gratulerer Linda, Trude og Jan så mykje med den imponerande jobben dei har lagt ned og med opninga av Kapellankåken - opplysningshuset på Voss!

1 / 6