Bygde­fol­ket for­mar framtida

Når ny buss-stasjon og ei storstilt utbygging skal planleggast for den sentrale tomta i bygda, vert sogndølene gjerne med på prosessen. Verdien av lokal medverknad i eit so stort prosjekt er uvurderleg.

Publisert

DSC00131

Arkitekt Anne Pia Møllenhus peikar og forklarer eit av forslaga

DRM1

Eit av forslaga for det nye kvartalet i Sogndal

Hjertetransplantasjon

Midt i bygda, som eit pulserande hjarte med årer ut i alle retningar, ligg Sogndal skysstasjon. Men krava til ein skysstasjon endrar seg, og bygda veks og treng både fleire bustadar og næringslokale. Då må det store omveltingar til på den gamle «Billags-tomti». Clemens eiendom, datterselskap av OVF, vil saman med den lokale samarbeidspartnarane i Einarsen eigedom, utvikle heile eigedomen. Her skal det komma ny, moderne busstasjon, eit attraktivt, urbant utemiljø og flotte leilegheiter. På bakkeplan vert det næringslokaler og under bakken parkering og kolonialforretning. Hjartet blir nytt - om ikkje ein transplantasjon så bli det ein stor transformasjon.

DSC00155

Omlag 200 menneske kom for å høyre arkitektane presentere sine forslag for Billagstomti. Endå fleir følgde streamingen på Youtube (tilgjengeleg framleis om du søkjer etter "billagstomti")

Reell medvirknad på planane

Billagstomti har eit etablert nabolag, men også alle andre som bur i eller køyrer gjennom Sogndal sentrum, vil sjå det nye kvartalet. Den nye buss-stasjonen vil nyttast dagleg av veldig mange, og mange vil få sin framtidige arbeidsplass her. Vi snakkar om investeringar opp mot ein milliard kroner. Då meiner vi, som utbyggjarar, det er heilt naturleg at bygdefolket sjølve skal få meine og ha reell påvirknad på prosjektet.

I 2023 gjennomførte vi eit prosjekt der elevar ved den nærliggjande barneskulen ga sine innspel m.a. gjennom å konstruere sine visjonar for Billagstomti i dataspelet Minecraft. Vi hadde også eit ope folkemøte der naboar og andre innbyggjarar fekk løfte sine bekymringar og tankar kring prosjektet.

DSC00183

Alle vart oppmoda til å dele sine tankar om forslaga gjennom post-it-lappar eller via Internett.

«Eg elskar prosjektet»

Tysdag 9. januar var det på ny ope møte på Quality Hotel Sogndal. Tre ulike arkitektløysingar vart presentert for eit meir enn fullt konferanselokale gjennom modellar, plansjar og presentasjonar frå scena frå arkitekt-teama sjølve. Dei besøkande vart oppmoda til å sende inn sine meldingar via nett, eller skrive sine tankar på post-it-lappar og hengje på plansjane. Teamet frå Clemens eiendom og Einarsen eigedom let seg begeistre av tilbakemeldingane, dei gode samtalane, og av lappar som t.d. «Eg elskar dette prosjektet» som hang på ein av plansjane.

Dagen derpå gjekk med til å bearbeide alle inntrykk og innspel frå kvelden før, og dei tre fantastiske arkitektforslagene. Det vil ta tid, men vi håper å kna alt til eit godt prosjekt og at tida ikkje vert alt for lang før vi er i gang med å skapa eit nytt kvartal, med ein ny buss-stasjon, slik bygdefolket vil ha det.

DSC00198

Ein energisk jury har mange omsyn å ta før prosjektet kan byggjast, men juryleiar Sissel Engblom lovar å halde koken oppe.

Har du lyst å sjå og meine?

Har du lyst å sjå og meine? Det er ikkje for seint. På nettsida nedanfor finn du dei tre alternativa og muligheit for å gi tilbakemeldingar. Om du vil sjå møtet i opptak, finn du det her: Billagstomti-møte på youtube