Gloppen prestebustad, Vereide

1 / 6

Prestebustaden på Vereide i Gloppen kommune ligg omkring 200 meter nordaust for Vereide kyrkje og heitte frå gamalt av Indre Vereide prestegard. Den er den største prestebustaden i bispedømet. På garden Vereide blei hovudhuset oppført i 1782. Det blei modernisert i 1839 og 1904. Hovudinngangen er inntakt frå gamalt av og har over karmen ein inskripsjon.

Freda av Riksantikvaren i 1991:

  • Hovedbygning frå 1782
  • Eldhuset er eit lite tømmerhus, men har ukjend alder.
  • Kvernhuset frå 1700-talet.
  • Andehuset frå 1700-talet har tidligare vore kvernhus, og har vorte flytta frå ein foss.
  • Røykhuset er ei lita bygning som har ukjend alder.
  • Jordkjellaren blei nybygd i 1852.
  • Lysthuset er eit firkanta lite hus som er karakteristisk for tiåret etter 1900. I tillegg er det spor attende etter ein barokkhage.

Dei freda husa var knytta til daglige gjøremål på garden. Prestegardstunet viser eit verdifullt bygnadsmiljø og har vore ein geisteleg samlingsplass gjennom fleire generasjonar. I 2017 vart eit stort rehabiliteringsprosjekt ferdig. No har prestebustaden fått betre isolasjon gjennom ombygging av vindauge, jordvarme og drenering rundt huset. Prestebustaden har fått nytt kjøkken, bad vaskerom og gang.