Balestrand prestebustad,Tjugum
Balestrand prestebustad, Tjugum.

Balestrand prestebustad, Tjugum

Balestrand prestegard er også kjend som Lunde prestegard fordi han ligg på Lunde nær Tjugum. Prestegarden ligg i ein bratt bakke rundt 500 meter frå kyrkja. Bustaden blei oppførd i seinempirestil i 1840-åra, men blei i 1892 forandra til ein villa i sveitserstil slik motebilde var på den tida. 

Om prestegardshagen på Lunde blir det sagt at den er inspirert av prestegardshagen i Leikanger.  Tjugum kyrkje har åttekantplan, er bygd i tre og blei oppførd i 1863. Det er nemnd eit kyrkjesokn på Tjugum i 1316, men det er ikkje heilt klart kor lenge Tjugum har vore kyrkjestad.