Tysnes prestebustad

Prestebustaden på Tysnes blei teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker (1875-1971) og oppførd i 1926. Alvsaker brukte like ens teikningar som for Brandbu kapellanbustad. Bustaden er prega av den nyklassisistiske stilen.

Bustaden ligg i utkanten av tettstaden Våge i Tysnes. Tysnes kyrkje ligg på andre sida av tettstaden og er ei langplana trekyrkje frå 1868. Kyrkja sto opphavleg på Tysneset, men blei nyoppførd på garden Gjerstad i 1906. Tysnes het truleg opphavleg Todneset og blei markert av sola på ein særegen måte ved alle fire årlege solvendepunkt. Solfenomenet er truleg årsak til konsentrasjonen av sakrale stadnamn i området.

Brandbu kapellanbustad er teikna av same arkitekt.