Sunnylven prestebustad, Brauta

Sunnylven prestegard i Hellesylt på Sunnmøre vart teikna av arkitekt Ole Landmark og oppført i 1921 i nyklassistisk stil. I dag ligg bygninga i eit bustadfelt. Eit freda stabbur, tiendestabbur frå 16-1700-talet, er oppførd på baksida av bustaden. Stabburet blei flytta hit rundt 1860 frå den gamle prestegarden i Hellesylt, ved fjorden. Det er eit tømra,panelt, raudmalt hus i ei høgd med innebygd sval på framsida. Det står på seks trepilarar.