Sund prestebustad

Sund prestegard ligg i tettstaden Klokkarvik nære nye Sund kyrkje. Garden ligg på ei høgde over bygda og har ei verneverdig hage. Til eigedommen høyrte eit stort driftsbygg frå 1929 og ein eldre borgstove. Borgstova var det einaste bygget på garden bygdefolket var pålagt å holde ved like (Kjelde: J. E. Horgen, Norske prestegårder, 1999)

Bustaden vart bygd i 1832-33 i empirestilen kjent som Bergensklassisisme. Prestebustaden var nyrestaurert i 2003.