Lindås prestebustad

1 / 2

Lindås prestebustad ligg i tettstaden Lindås i Nordhordaland. Bustaden blei bygd i 1921 etter teikningane til arkitekt Ole Landmark. Landmark teikna og påverka bygginga av fleire prestebustader i denne perioden.

Bustaden er ein lafta tømmerbygning med liggande kledning og valmtak. Arkitekturen er inspirert av Bergensklassismen, og representerer ein av dei siste prestebustadane som hadde ein typisk embetsmannstil. Fleire typiske bygningsdetaljer er tatt vare på.