Lindås kapellanbustad, Austrheim

Lindås Kapellanbustad er også kjend som prestebustaden på Austrheim. Bustaden er ein tradisjonsrikt einebustad i tre frå rundt 1930. Huset har eit tilbygg mot nord frå 1971 og grunnflate på 90 m2. Bygget ligg 2-300 meter frå kyrkja. Bustaden blei renovert av OVF sist i 2008.

Austrheim kyrkje er bygd i tre og blei oppførd i 1865. 500 meter frå kyrkja er det ein såkalla kolerakyrkjegard, som blei nødvendig under koleraepidemien vinteren 1849 sidan den gamle kyrkjegarden ikkje var stor nok. Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen.