Kinn prestebustad, Florø

Denne garden vart frå 1755 offisiell prestegard i Kinn prestegjeld. I 1860 då Florø var etablert som by var det bare to gardar i Forø. Prestegarden var den eine. Huset frå denne tida blei rive i 1899 og erstatta av prestebustaden som no står der, i sveitserstil. Prestebustaden har ei og ei halv etasje og er kledd utvendig med horisontalpanel og den er blitt oppgradert fleire gonger, sist i 2008. Bustaden ligg sentralt til i bybildet med sjukehus og grunnskule like ved Storevatnet, og prestegardshagen strekkjer seg ned hit.

Like ved prestebustaden ligg Kinn kyrkje , ei freda mellomaldersteinkyrkje oppførd i 1150. Ho har vore sett i samband med legenda om Sankta Sunniva, vernehelgen for Bjørgvin bispedøme og Vestlandet. Legenda har det til at ei prinsesse Borni var del av fylgjet til Sunniva, og ho flaug Irland for å kome unna giftemål. Borni og hennar del av fylgjet til Sunniva dreiv i land på Kinn.