Innvik prestebustad

Innvik prestebustad er frå 1962. Bygget har to etasjar og er på 211 kvm. Bustaden står på tomta til den gamle klokkargarden sentralt i tettstaden Innvik.

På tomta ligg også det freda stabburet (sjå bildet under), som tidlegare stod på den gamle Innvik prestegard. Då Langvin fylkeslandbruksskule i 1962 kjøpte prestegarden blei stabburet flytta nær den nye prestebustaden. Tømmeret i stabburet skal være frå 1500-talet. Det nåverande utsjåande er frå 1740. Stabburet står på ein høgde. Innvendig er taket og den flate himlinga tekket med frodige akantusrankar. Tradisjonen fortel at stabburet tidlegare blei brukt som bustad for biskopen når han besøkte prestegarden.

Innvik kyrkje ligg nære bustaden. Kyrkja har åtte kantar, ei uvanleg planløysing, og blei teikna av EidsvollsmannenElling Olsson Valbø (også kjent som Waldbøe) og Lars Sølvberg.

Det freda stabburet på tomta til prestebustaden.