Finnøy prestebustad

1 / 4

Finnøy prestebustad blei reist i 1876. I rekken av kjente personar som har budd i den gamle prestegarden på Finnøy, finn vi sokneprest Gabriel Kielland med sin prestekone og dikterkone Gustava Kiellland. Ho skriv i sine memoarar detaljert om reisen til Lyngdal frå Finnøy, når familien flytta dit i 1837.

Matematikaren Niels Henrik Abel blei født på Nedstrand, men faren tok i mot kallet på Finnøy,- i en periode før han igjen søkte til Gjerstad prestegard. Nils H. Abel har sin sterkaste tilknytning til Gjerstad prestegard og en bauta av han er satt opp på kyrkjegarden ved Holt prestegård.


Tilbakeblikk

I 1961 var prestegarden på 420 daa. Prestegarden hadde stabbur, paktarbustad, uthus med utedo, gris og hønsehus. Det var ikkje VC i prestebustaden. Driftsbygninga blei totalrehabilitert i 1961. Då blei fjøset utbedra og isolert. Innvendig vart det ein endra planløysing i 1967.