Askøy kapellanbustad, Herdla

Kapellanbustaden var tidlegare kjent som Herdla prestegard og vart bygd i 1874. Kapellanbustaden ligg på Herdla i Askøy kommune.

Så tidleg som i eit pavebrev frå Pave Eugenius III til abbed Orm på Munkeliv kloster i Bergen i 1146 omtalas ei kyrkje på Herdla. Herdla som kyrkjestad har ei rik historie og blei mellom anna nemnt som ei av 14 kongelege kapell grunnlagt av Kong Håkon Magnusson og hans far Magnus Lagabøte.