Volda prestebustad, Øyra

1 / 5

Volda prestegard ligg kring ein kilometer sør for Volda kyrkje fra 1932 og nært til sjølve tettstaden. Den tømra hovudbygningen er i to høgder og sannsynlegvis frå 1818. Grunnplanen er tradisjonell med midtkammerplan og opphavleg med kjøkken i midtrommet bak gangen. Stabburet er eit breit, lågt stabbur av tradisjonell type for Sunnmøre, antagelig frå 1900. Eldhuset frå 1800-talet er no ombygd til garasje med store dører i vestenden og med hønsehus i østenden.

Tre bygningar er freda:

  • Våningshuset
  • Eldhuset
  • Stabburet

Fram til 1758 lå Volda prestegard på hi sida av elva, nord for den noverande prestegarden. Då presten Finne slutta tok han skjølv over garden medan den nye presten bygde ny prestegard på stedet han no ligg. Det eigentlige navnet på prestgarden er Øyra. Prestegarden har ein god plassering og heile tunet er ein god representant for embetsmanns- og borgarskapsmiljø på Vestlandet.