Ørskog prestebustad, Sjøholt

Ørskog prestebustad, Sjøholt

Ørskog prestegard på Sjøholt ligg omkring 300 meter søraust for kyrkja frå 1873. Prestegarden har ei bygningskjerne frå byrjinga av, eller midten av 1800-talet. Planløysinga viser at det i fyrste høgda har vore eit eige bispekammer. Tre bygningar er freda :

  • Det gamle hovudhuset blei restaurert i 1926, etter forslag frå arkitekt Ole Landmark. I 1930 blei bygninga freda.
  • Stabbur frå slutten av 1800-talet.
  • Forpaktarbustad frå slutten av 1800-talet.