Nesset prestebustad
Nesset prestebustad 2006. Foto: Anne Lise Norheim/Ovf

Nesset prestebustad

Nesset prestegard i Møre og Romsdal har framleis i behald mange av dei typiske bygningane som kjenneteikna ein staseleg embetsmannsgard frå gamle dagar. Bygningane fylte forskjellige behov for presten og hans store hushald, og eigedomen med alle små og store hus var presentabel i geistleg samanheng. I dag er ti bygg bevart og freda:

  • Hovudbygget frå 1846
  • Forpaktarbustaden frå 1850
  • Borgstova frå 1827
  • Eldhuset frå 1827
  • To Stabbur 
  • Driftsbygning, bruksendret i regi av Romsdalsmuseet    
  • Sommerfjøs, utleid til kommunen  
  • Kvernhus frå 1856, Romsdalsmuseet
  • Naust , Romsdalsmuseet  

Nesset prestegard har ei lang og rikholdig historie. Heilt sidan 1500-talet har garden vore prestegard. Mange av prestane har satt varige spor etter seg, som Johan Wegede (prest 1825-37). Han blei kalla «skulepresten» etter at han starta den første fastskulen på Nesset.

Bjørnstjerne Bjørnsons far, Peder Bjørnson, var prest her i 1837-1853, og teikna framlegg til eit nybygg og mellom 1845-46 blei noverande prestebustad oppførd. Forfattarens mor, Inger Elise Bjørnson, planta den gong eit asketre på tunet og heile askealléen som går ned mot Prestneset, er frå denne perioden. Bjørnstjerne levde på Nesset prestegard frå han var fire til han var i slutten av tenåra og oppveksten påverka han som diktar og forfattar.

I forteljinga «Blakken» beskreiv Bjørnson sin barndoms gard på slik: "En av de skjønneste gårder i landet, som den ligger der bredbarmet mellom to møtende fjorder med grønt fjell over sig, fossefall og gårder på den motsatte strand, bølgende marker og liv inne i dalbunnen, og utover langs fjorden fjell med nes i nes skytende ut i sjøen og en stor gård ute på hvert"

Ovf har gjett ut ein serie bøker om prestegardar og ei av dei er frå prestegarden i Eidsfjord, Nesset.

Prestegårder skilte seg fra andre gårder

Romsdalsmuseet brukar i dag driftsbygget og fleire av dei andre husa på garden. Museet har gjennom ulik formidling sørga for at livet og samtida til Bjørnstjerne Bjørnson verte levenda for publikum som kjem til Nesset prestegard.